Frå 1. februar set Statens bygningstekniske etat i verk eit nytt opplæringsprogram om universell utforming for politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar . - I den nye plan- og bygningslova er det krav om universell utforming av bygg, anlegg og uteområde retta mot ålmenta. Difor er det viktig at dei ansvarlege i kommunane og fylkeskommunane set seg inn i reglane og planlegg slik at omgjevnadene blir tilgjengelege og kan nyttast av alle, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Opplæringsprogrammet er eit av tiltaka i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013, “Norge universelt utformet 2025”.

Det er laga ei nettside med informasjon, filmar og presentasjonar. Ressursane på nettsida kan nyttast fritt i ikkje-kommersiell verksemd av alle som ønskjer å lære meir om universell utforming. Det blir utdanna kursinstruktørar som skal tilby kurs over heile i landet. I samband med dette, vil opplæringsprogrammet bli nytta som lærebok og læringsverkty.

Informasjon om kursa blir kunngjort på www.be.no/universell/.


av Torkelsen, Jan H., publisert 2. februar 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Plan og miljø

  • Vennesla Attraksjonsutvikling Illustrasjon
    av jto, 10.10.19

    Støtte til attraksjonsutviklings-prosjekt i Vennesla

    Les mer
  • Norges Lover Stilistisk Forsidebilde
    av jto, 27.09.19

    Positiv høringsuttalelse til at antall rovviltnemder blir justert

    Les mer
  • Skibmannsheia
    av jto, 04.09.19

    Bidrar til å utvikle Skibmannsheia i Lindesnes til regionalt turmål

    Les mer