Prosjektet er ei vidareføring av eit prøveprosjekt om føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skular, som gjekk i perioden 2007-2009. Då gjennomførte seks skular ulike prosjekt, som ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.

- Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skular og fylke. Blant anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette ynskjer me å byggje vidare på, sa statsråden før tildelinga av midlar i 2010.

Prøveprosjektet blei vidareført i 2010, og det blei tildelt midlar til 13 skular i åtte fylkeskommunar. Prøveprosjektet held fram no i 2011.

Skular som alt har tilbod om føraropplæring, og skular som har vore med i forsøksordningar tidlegare og ynskjer å fortsetje med opplæringa, kan òg søke om midlar under føresetnad av at dei deler sine erfaringar med andre skular. - Me ynskjer å vidareføre ei ordning som til no har vist gode resultat. Prøveprosjekta bidreg til at unge med stor avstand til trafikkskular får betre høve til å få føraropplæring, seier statsråden.

Fylkeskommunane kan søke Kommunal- og regionaldepartementet om inntil 200 000 kroner til å gjennomføre prøveprosjektet. Søknadsfristen er 2. mai 2011.


av Torkelsen, Jan H., publisert 28. februar 2011 | Skriv ut siden