- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalising av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere kreativitet og pågangsmot og auka verdiskaping. Dette er viktige kompetansearbeidsplassar. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. Vi har også sett at det ut av desse miljøa veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- ogKommunalminister Liv Signe Navarsete regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på nyskaping og innovasjon.

- I mange lokalmiljø er næringshagane eit ankerfeste for små og mellomstore bedrifter og er ein viktig utviklingsressurs for næringslivet i heile regionen. Mange småbedrifter har fått hjelp og støtte frå næringshagane i arbeidet med å dyrke fram nye idéar og kome ut i marknaden med nye produkt, seier Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 16. mars 2011 | Skriv ut siden