Regjeringa gir i år 567,7 millionar kroner til fylkeskommunar der kommunar har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004. i Vest-Agder gjeld dette kommunane, Åseral, Audnedal, Sirdal og Hægebostad. Dei får til saman 3,3 millionar kroner av midlane i år. Ordninga med ulik arbeidsgjevaravgift vart stansa i 2004 etter krav frå ESA - EUs overvakningsorgan, fordi den vart oppfatta som diskriminerande. I 2007 fekk den raud-grønne regjeringa godkjend gjeninnføring av ordninga, men med endringar - nokre distrikt fekk høgare arbeidsgjevaravgift enn før 2004. Dette lova regjeringa å kompensere for.

Regjeringa har lagt vekt på å føre attende midlane til desse områda på best muleg måte. - Sidan ordninga vart innført i 2004 har det vore eit tett samarbeid mellom fylkeskommunane og næringslivet, noko som er særleg viktig i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Desse midlane skal bidra til utvikling av næringslivet og gi arbeidsplassar i desse fylka.

Dei årlege rapporteringane viser at fylkeskommunane i bruken av midla utnyttar regional kunnskap til beste for innbyggjarne og næringslivet i fylka sine, samstundes som dei fylgjer lojalt opp måla til regjeringa, seier Navarsete.

- Frå og med 2011 er mulegheiten til å støtte nye prøveprosjekt auka frå 3 år til 5 år. Dette meiner eg vil styrkja nye prosjekt, seier statsråden

Tabellen under viser fordelinga i 2011

Næringsretta utviklingstiltak,
kompensasjonsmidlar 2011
(i millionar kroner)

Hedmark

9,5

Oppland

3,7

Buskerud

1,8

Telemark

3,2

Aust-Agder

2,2

Vest-Agder

3,3

Rogaland

13,4

Hordaland

49,4

Sogn og Fjordane

38,3

Møre og Romsdal

81,6

Sør-Trøndelag

11,8

Nord-Trøndelag

0,7

Nordland

145,9

Troms

202,9

Sum

567,7

av Torkelsen, Jan H., publisert 7. mars 2011 | Skriv ut siden