Førebelse tal for sysselsette i kommunal og fylkeskommunal forvaltning syner ein vekst på 1,3 prosent, tilsvarande nær 6 500 personar, i 4. kvartal 2010 samanlikna med same kvartal året før, melder Statistisk Sentralbyrå. Av dei 495 000 sysselsette var 448 000 sysselsette i kommunane og over 47 000 i fylkeskommunane i 4. kvartal 2010. Dei 47.000 i fylkeskommunene tilsvarar 41 200 avtalte årsverk. Samanlikna med tal for 2009 utgjer dette ein auke på 1,6 prosent, eller 630 avtalte.

Fordelinga i talet på årsverk mellom områda som fylkeskommunen har ansvar for, har vore nær uendra sidan 2005. Som tidlegare år er det vidaregåande opplæring som står for 82 prosent av dei avtalte årsverka.

Oslo kommune har ei særstilling sidan han både har kommunale og fylkeskommunale oppgåver. I presentasjonen av tala for fylkeskommunane er Oslo berre med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Tenestene som Oslo kommune elles er ansvarleg for er berre med i tal for kommunane.

Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som slike sjølvstendige føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, skriv SSB.


av Torkelsen, Jan H., publisert 18. mars 2011 | Skriv ut siden