- Regjeringa er oppteken av å få meir veg for pengane. Å oppretta regionale bompengeselskap skal etter kvart føra til reduserte kostnader på 50 til 100 millionar kroner årleg for alle bompengeprosjekta i landet. Per mars 2011 er det 50 bompengeprosjekt og 47 bompengeselskap i Noreg. Etter ny organisering vil ein etter kvart kunna koma ned i 19 selskap eller færre. Tanken er at fylkeskommunane skal samla alle bompengeprosjekta sine i eit bompengeselskap, medan dagens organisering i hovudsak inneber eit selskap per prosjekt. Dersom fleire fylke ønskjer å samarbeida ved å samla prosjekta sine i eit felles bompengeselskap, opnar ordninga òg for dette, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

- Dei frigjorde inntektene ved meir effektiv drift kan nyttast på fleire måtar, til dømes til å byggja meir veg eller forkorta innkrevjingsperioden for bompengeprosjekta, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å førebu ordninga med fylkeskommunale bompengeselskap som kan omfatta fleire bompengeprosjekt. Eit sentralt krav vil vera at det ikkje må skje kryssubsidiering mellom dei ulike bompengeprosjekta.

Departementet vil få ei skisse til nærare utforming av ordninga frå Vegdirektoratet seinast innan utgangen av 2011. Vegdirektoratet er allereie i gang med den vidare utforminga av ordninga, i lag med fylkeskommunane Buskerud, Hordaland og Sør-Trøndelag.
Bomstasjonen på E39 Kvinesheia


av Torkelsen, Jan H., publisert 21. mars 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Holdeplass Ved UiA
    av jto, 17.06.19

    Mye positivt i årsrapporten for 2018 fra Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen

    Les mer
  • Logo -ATP-samarbeidet
    av jto, 14.06.19

    Det søkes om belønningsavtale for de fire årene, 2020-2023, med en ramme på 500 millioner kroner

    Les mer
  • Mandalskrysset
    av jto, 13.06.19

    Det bør åpnes for et bevertningssted i det nye Mandalskrysset på ny E39

    Les mer