Avinor AS og dei statlege transportetatane får no retningslinjer for det vidare arbeidet med den nye Nasjonal transportplanen som skal leggjast fram for Stortinget tidleg i 2013. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa opplyser i eit nyheitsoppslag på Samferdsledepartementets heimeside at dei statlege samferdselsetatane Statens vegvesen, Jernbaneverket og Kystverket skal - for perioden 2014-2023 - planleggja ut frå ei årleg basisramme som er fire milliardar kroner høgare enn dei statlege løyvingane for 2011. Det skal òg planleggjast ut frå alternativ som er inntil 45 prosent meir enn basisramma.

- For å løysa dei store transportutfordringane framover, vert det i desse retningslinjene lagt opp til ei klar prioritering av kollektive løysingar i byområda og veg i distrikta. Meir av godstransporten skal over frå veg til sjø og bane, seier samferdselsministeren.

Avinor og transportetatane skal elles ta utgangspunkt i desse hovudmåla:

-Betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkja konkurransekrafta i næringslivet og for å bidra til å oppretthalda hovudtrekka i busettingsmønsteret
-Ein visjon om at det ikkje skal skje ulukker med drepne og hardt skadde i transportsektoren
-Halda nede klimautsleppa, redusera miljøskadelege verknader av transport og bidra til å oppfylla nasjonale mål og dei internasjonale forpliktingane som Noreg har på miljøområdet
-Transportsystemet skal vera universelt utforma
For fleire opplysningar – sjå:

Retningslinje 2 for etatenes og Avinors arbeid med Nasjonal transportplan 2014-2023 (pdf)
Brev av 6. april til Sekretariatet for Nasjonal transportplan 2014-2023 (pdf)


av Torkelsen, Jan H., publisert 8. april 2011 | Skriv ut siden