Tretten industrianlegg får til saman over 36 millionar kroner som tilskot til teknisk-industrielle kulturminne i 2011 frå Riksantikvaren over statsbudsjettet i 2011. Pengane skal gå til istandsetting og vedlikehald. Bland anlegga er Sjølingstad Uldvarefabrik vest for Mandal som får 1 705 000 kroner. -Desse anlegga er eksempel på det fremste av norsk industrihistorie. Gruvedrift, brenneri, sildolje, ullvarer – norsk industri har vore svært allsidig. Det er viktig at eit utval anlegg blir sett i stand og opna for publikum, slik at vi ikkje gløymer vår nære historie, seier riksantikvar Jørn Holme.

Frå 1991 har sikring og istandsetting av utvalde tekniske og industrielle kulturminne vore ein egen post i statsbudsjettet. Målet er å bidra til drift av anlegga slik at dei kan utøve verksemda etter formålet.

-Vi har gitt støtte til to viktige anlegg som enno ikkje er på vår prioriterte liste. Det eine syner treskoproduksjon i Sogn, det andre brenneri av potetsprit på Stange ved Hamar. Det er viktig å vise bredda av vår industriarv, seier Jørn Holme.

I 2011 får desse anlegga støtte frå Riksantikvaren over statsbudsjettet:

Fetsund lenser

6 458 000 kr

Klevfos Cellulose- & Papirfabrik

1 183 000 kr

Kistefos Træsliberi

4 641 000 kr

Folldal gruver

4 042 750 kr

Næs jernverk

1 024 000 kr

Sjølingstad Uldvarefabrik

1 705 000 kr

Tyssedalprosjektet NVIM

2 252 000 kr

Salhus Tricotagefabrik

5 236 571 kr

Spillum Dampsag & Høvleri

7 047 898 kr

Neptun sildoljefabrikk

1 323 000 kr

Sellevåg treskofabrikk

817 000 kr

Atlungstad brenneri

595 000 kr

I tillegg kjem Rjukan-banen, der støtta ikkje er fastsett enno.

av Torkelsen, Jan H., publisert 27. april 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Nordberg Fort Hovedbygg
    av jto, 05.04.19

    Ny avtale om drift av Nordberg fort i Farsund

    Les mer
  • VAM
    av jto, 03.04.19

    Vil bidra til å sikre museumsgjenstander

    Les mer
  • Timenes Og Østensen
    av jto, 03.04.19

    Årets "spillemiddelutvalg" er nå oppnevnt

    Les mer