18 fylkeskommunar tek no grep for å betre sitt arbeid med å støtte kommunane i å utvikle attraktive lokalsamfunn gjennom satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Kommunal- og regionaldepartementet løyver ytterlegare 30 millionar kroner til fylkeskommunane for å støtte samarbeidet. Vest-Agder fylkeskommune mottek ein million kroner, framgår det i ei pressemelding fra Kommunal- og regionaldepartementet.

Ein rapport frå Telemarksforsking viser eit potensial for å betre samarbeidet mellom fylkeskommunar og kommunar om å utvikle attraktive lokalsamfunn. Undersøkinga viser at kommunane meiner at fylkeskommunen er ein viktig bidragsytar i dette arbeidet. 51 prosent meiner likevel at samarbeidet mellom kommunane og fylkeskommunen har eit stort betringspotensial. Særleg etterspør kommunane fylkeskommunane som initiativtakar og pådrivar.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete
Kommunalminister Liv Signe Navarsete

-Fylkeskommunane viser no gjennom sine søknader at dei er godt i gang med å vidareutvikle samarbeidet med kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
-Mykje ligg godt til rette for at kommunane gjennom dette samarbeidet blir enda betre til å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak. Slik vil ein utvikle meir attraktive lokalsamfunn, seier statsråden.

Fordelinga av midlar mellom fylka 2011:

Fylkeskommune

Tildelte midler 2011

Finnmark

2 250 000

Troms

1 713 000

Nordland

1 865 000

Nord-Trøndelag

800 000

Sør-Trøndelag

1 600 000

Møre og Romsdal

4 500 000

Sogn og Fjordane

1 300 000

Hordaland

1 500 000

Rogaland

1 000 000

Vest-Agder

1 000 000

Aust-Agder

1 525 000

Telemark

1 038 000

Vestfold

1 800 000

Buskerud

1 190 000

Oppland

1 100 000

Hedmark

2 000 000

Akershus

1 000 000

Østfold

2 328 000

Totalt

29 509 000

· Informasjon om LUK-satsinga i dei 18 fylka

· Meir om LUK.


av Torkelsen, Jan H., publisert 12. mai 2011 | Skriv ut siden