-Rapporten analyserer kva typar verkemiddel det bør bli meir av og mindre av overfor næringa, for at det skal vera samfunnsøkonomisk forsvarleg. Det er eit viktig innspel til arbeidet med revidert reiselivsstrategi, seier Ingebrigtsen.

Rapporten har teke for seg både gjeldande og kjende verkemiddel, behovet for desse og effekten av dei. Han har og vurdert om det er behov for å justere innretninga på verkemidla og/eller utvikle nye verkemiddel for å møte næringa sine behov. Analysen gir somme overordna vurderingar om kva som i samfunnsøkonomisk forstand er formålstenlege næringspolitiske verkemiddel.

-Når den reviderte reiselivsstrategien blir lagt fram rundt komande årsskifte, vil vi kome med konkrete tiltak for ytterlegare satsing på reiselivsnæringa, seier Ingebrigtsen.Han understrekar at denne rapporten er ein av fleire analysar departementet har motteke som innspel til revidert reiselivsstrategi.

Her er rapporten.


av Torkelsen, Jan H., publisert 24. mai 2011 | Skriv ut siden