Til saman 65 253 personar stiller til val ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Det er vel 4 000 færre enn ved siste lokalval. I heile landet er det ved kommunestyrevalet 210 forskjellige parti og grupper som stiller lister, mens talet for fylkestingsvalet er 20. Etter fleire år med ei viss auke i talet på kvinner på listene, viser tala frå 2011 no ingen endring i kjønnsfordelinga sidan siste val; 58,3 % er menn og 41,7 % er kvinner.

- Eg er skuffa over at tala ikkje viser nokon auke i talet på kvinner på vallistene på landsbasis, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Her har partia gjort ein for dårleg jobb. Etter valet må vi sjå nærare på både dette og andre tal for kvinnerepresentasjon. I 22 forsøkskommunar kor det har vore jobba særskilt med deltaking av kvinner i lokalpolitikken, ser vi ein noko meir positiv trend. Det er gledeleg og syner at innsats nyttar, seier Navarsete.
Eit oversyn over alle vallistene med kandidatnamn, fødselsår og røystetillegg, for kvar kommune er no lagt ut på departementet sine nettsider i fylkesvise lister. Totalt skal det veljast 10 781 personar til landets kommunestyre og 728 til landets fylkesting.

Departementet legg i tillegg ut oversyn, sortert på kommune, over talet på valdagar i kommunane, talet på representantar som skal veljast og talet på valkrinsar valdagen.

Det er i alt 195 kommunar som held val søndag 11. september i tillegg til sjølve valdagen måndag 12. september. Dette er ein liten nedgang frå 2007 og 2009, der tala var høvesvis 206 og 204.

Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 50 år (kvinner 48 år og menn 51 år). Tilsvarande tal for fylkestingskandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år). Dette er ingen vesentleg endring sidan sist lokalval.

Alle data er også tilgjengelig i excel- og odf-format.

Tala er basert på data SSB på vegne av Kommunal- og regionaldepartementet har samla inn frå alle kommunar og fylkeskommunar. Vi gjer merksam på at feil i data kan førekomme. Eventuelle feil blir retta opp dersom det vert endringar.
Statistisk Sentralbyrå arbeider no med å systematisere og kople data om listekandidatane til ulike demografiske variablar. Data er planlagt publisert 17. juni. Vi får da vite meir om kandidatane si utdanning, yrke, landbakgrunn med meir.

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. juni 2011 | Skriv ut siden

Error loading MacroEngine script (file: ~/macroscripts/heltblank/category/relatednews.cshtml)