Frå 1. juni 2011 er det fastsett seglingsleier utanfor kysten av Sørlandet og Vestlandet for skipstrafikk som kan innebere fare for ureining. - Dette markerer ein milepæl i det norske sjøsikkerheits- og oljevernarbeidet. Vi trygger kystbefolkninga og naturen ved å flytte skipstrafikken lenger ut, og får betre tid til å reagere dersom eit skip skulle komme i vanskar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

Noreg fekk fullt gjennomslag for forslaget om å innføre slike rutetiltak då saka vart behandla i FN sin sjøfartsorganisasjon IMO i november i fjor. Rutesystemet inneber at skipstrafikk som det knyter seg ureiningsfare til blir flytta lenger ut frå kysten. Forslaget var utforma av Kystverket i samarbeid med ei breitt samansett faggruppe.
Det følgjer av vedtaket i IMO i november i fjor at rutetiltaka tidlegast kan gjelde etter seksKystlandskap Mandal månader. - Vi har vore opptekne av å handle raskt, og er derfor svært nøgde med å få dette på plass i norsk lovverk og setje tiltaka i verk allereie frå 1. juni, seier fiskeri- og kystministeren.
Statsråden viser til at regjeringa nå tar nye steg for å trygge kysten. Noreg etablerte i 2007 eit rutesystem mellom Vardø og Røst etter godkjenning i IMO.
- Erfaringane med tryggare seglingsruter i Nord-Noreg er svært gode. Eg er difor svært glad for at vi får til det same utanfor kysten av Vestlandet og Sørlandet. Simuleringar viser at ein mindre del av utslepp vil nå kysten, og avstanden mellom rutetiltaka og land gir betre tid til å setje ut oljevernutstyr. Rutetiltaka tek omsyn til fiskeria og andre næringsaktivitetar i området, og er ikkje ei stor ulempe for skipstrafikken, seier Lisbeth Berg-Hansen.

av Torkelsen, Jan H., publisert 3. juni 2011 | Skriv ut siden