Første november i år trer nye og strengare habilitetsreglar i forvaltningslova i kraft. I en nyerettleiar gjev kommunal- og regionaldepartementet greie for lovendringa. Lovendringa er ein del av regjeringa si satsing på etikk i kommunesektoren. Fylkesordførarar/ordførarar og andre folkevalde, rådmenn og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunane som også til dømes er styremedlem i eit offentleg eid selskap, vil no bli ugilde når kommunen handsamar ei sak der selskapet er part. Det er viktig at folkevalde og tilsette i kommunar og fylkeskommunar er merksame på dei nye reglane og kva konsekvensar dei kan få. seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Vi ventar medvitne lokale folkevalde som kan vege verdien av eit styreverv opp mot verdien av å vere med og treffe avgjerder i politiske organ. Klåre, tydelege rollar er naudsynt om innbyggjarane framleis skal ha tillit til kommunane og fylkeskommunane. Tillit er viktig om lokaldemokratiet skal fungere, seier Navarsete.
Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 12. september skal kommunar og fylkeskommunar velje representantar til ei rekke folkevalde organ og verv. Det er særs viktig at desse vala blir utførd i tråd med gjeldande reglar, seier kommunal- og regionalministeren.
Kommunal- og regionaldepartementet gjev difor no også ut eit rundskriv som orienterer om reglane som mellom anna gjeld for val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar og faste utval. Departementet omtalar mellom anna dei nye reglane i kommunelova § 80 a om val av styre for kommunale og fylkeskommunale aksjeselskap (reglar om kjønnsmessig balanse).

Les mer:

Habilitet i kommuner og fylkeskommuner. Om inhabilitetsreglene i forvaltningsloven og kommuneloven

Val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar, faste utval m.m. H-4/11.


av Torkelsen, Jan H., publisert 30. august 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • KS Medaljører 2019
    av jto, 25.06.19

    Fire politikerveteraner hedret

    Les mer
  • Klubbe
    av jto, 18.06.19

    Alle fylkeskommuner skal ha råd for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse

    Les mer
  • FT-web 0619
    av jto, 14.06.19

    Følg fylkestingets junimøte direkte på web-TV

    Les mer