Kulturdepartementet har bestemt at 285 kommunar får midlar frå Den kulturelle spaserstokken i år. Av Desse er elleve fra Vest-Agder. I statsbudsjettet for 2011 er det løyvd i alt 28,8 millionar kroner til Den kulturelle spaserstokken på budsjetta til Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Den kulturelle spaserstokken bidrar til at eldre menneske får eit profesjonelt kulturtilbod. Den kulturelle spaserstokken stimulerer til samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren i kommunane slik at eldre får kulturtilbod i nærmiljøet. Midlane vert delt ut etter søknad frå kommunane.

1280

av Torkelsen, Jan H., publisert 13. september 2011 | Skriv ut siden