Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er nominert til prestisjeprisen European Public Service Award. 18 fylkeskommunar, mellom anna Vest-Agder samarbeider om denne digitale læringsarenaen i dei vidaregåande skulane. NDLA er kandidat til prisen under tittelen ”NDLA: Innovation in Acquisition, Development and Distribution of Digital Learning Resources”. Totalt vart 274 initiativ vurdert, og i sluttrunden gjenstår 15 kandidatar. Tre av desse blir kåra til vinnarar.

-Å bli nominert til EPSA 2011 er ein stor ære. NDLA.no blir mykje nytta av elevar og lærarar.
Øyvind Høines
Øyvind Høines Foto: NDLA
Trafikktala aukar kraftig, seier Øivind Høines som er leiar av Nasjonal digital læringsarena. Han meiner noko av årsaka til at NDLA får positiv internasjonal merksemd, er måten prosjektet er organisert på. -Vi er ein distribuert organisasjon med liten administrativ kjerne. Vi har og utstrakt bruk av skybaserte tenester og ein desentralisert organisasjon, seier Høines.

NDLA er eit samarbeid mellom 18 fylkeskommunar om innkjøp, utvikling og distribusjon av digitale læremiddel i vidaregåande opplæring. NDLA leverer digitale læremiddel i meir enn 30 fag på alle steg i vidaregåande opplæring.

European Public Service Award (EPSA) blir delt ut ein gong i året innan EU/EØS-området. Den har utspring i Lisboa-prosessen, der ambisjonane er å utvikle betre måtar å løyse utfordringane i den offentlege forvaltninga på. Årets pris blir delt ut i midten av november i Maastricht, Nederland.

Meir om EPSA-prisen

Kilde: Hordaland fylkeskommune

NDLA avholdt landssamling i Kristiansand i september.
NDLA avholdt landssamling i Kristiansand i september.

av Torkelsen, Jan H., publisert 27. september 2011 | Skriv ut siden