-Byane kan snart innføra køprising for å få ned klimagassutsleppa og betra den lokale luftkvaliteten. Reglane for køprising blir sett i kraft i oktober. Køprising gir mindre biltrafikk og fleire kollektivpassasjerar. I tillegg blir framkoma betre for kollektivtrafikken og dei som må køyra. Erfaringane frå andre land er svært positive, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Køprising betyr at bilistane må betala for å køyra på enkelte vegar på bestemte tidspunkt. På tider av døgnet med mykje trafikk, blir prisen høgare enn på tider med mindre.

- Eit slikt tiltak kan bety mykje for byane våre, ikkje berre for å betra lufta lokalt, men også for å få ned utsleppa av klimagassar. Dessutan blir byane betre å bu i ved at det blir færre bilar og mindre kø, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

- Innføring av køprising må vera forankra i lokalpolitiske vedtak. Gode kollektivløysingar i området er ein føresetnad. Inntektene frå køprising skal brukast til transportformål i området. Tiltak som vil redusera behovet for bilbruk, vil bli prioritert. Eg oppmodar norske byar om å nytta seg av moglegheitene det nye regelverket gir, seier Kleppa.

av Torkelsen, Jan H., publisert 26. september 2011 | Skriv ut siden

Husflidskonsulenten har turnert med selvprodusert faglig opplegg for Den kulturelle skolesekken ”Fra lin til tråd”. I alt har 57 skoleklasser med til sammen 1305 elever fått besøk av Husflidskonsulenten med dette opplegget i 2008.