SIVA har starta opp eit nytt næringshageprogram. Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å gje 40 millionar kroner til det nye programmet i 2012, som er ei dobling frå budsjettet for 2010. Programmet skal bidra til å utvikle nye arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar i distrikta. Dette skal skje gjennom å leggje til rette for kunnskapsarbeidsplassar innanfor eksisterande næringsliv og for etablering av nye bedrifter. Etablering av eit næringshagemiljø skal skje i nært samspel med fylkeskommunane på bakgrunn av regionale behov og utfordringar, skriver departementet i ei pressemelding.

Ein næringshage er eit utviklings- og nyskapingsmiljø for bedrifter som gjennom eit eige selskap ønskjer å vidareutvikle kunnskapsarbeidsplassar i regionen. Ved opptak i programmet må miljøet bestå av minimum fem eksisterande bedrifter eller bedrifter i etableringsfasen med til saman 10 tilsette.

av Torkelsen, Jan H., publisert 14. oktober 2011 | Skriv ut siden