I framlegget til statsbudsjett for 2012 aukar Kommunal- og regionaldepartementet tilskotet til Ungt entreprenørskap med 2 millionar til 13 millionar kroner for å styrke arbeidet med å byggje ein kultur for entreprenørskap. - Eg er oppteken av at det er eit rikt mangfald av arbeidsplassar over heile landet. For å få det til, treng me mange med pågangsmot og stå-på-vilje som vel å starte eiga verksemd. Eg er imponert over engasjementet, kreativiteten og motet som Ungt Entreprenørskap er med og utløyser hjå unge skaparar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ungt Entreprenørskap arbeider aktivt saman med skular og utdanningsinstitusjonar for å bidra til at alle elevar og studentar får eit tilbod om opplæring i entreprenørskap. Aktiviteten har vakse kraftig etter at organisasjonen vart etablert i 1997. I 2010 deltok over 150 000 elevar og studentar på UE sine aktivitetar. 67 prosent av alle vidaregåande skular i Noreg tilbyr ungdomsbedrift.

Regjeringa aukar også Nærings- og handelsdepartementet sitt tilskot til Ungt Entreprenørskap med 1 million kroner til 12 millionar kroner.


av admin, publisert 10. oktober 2011 | Skriv ut siden