- Eit nyoppretta statlege vegtilsyn er på plass i første halvdel av 2012. Regjeringa føreslår å løyva 11,2 millionar kroner til tilsynet i 2012. Vegtilsynet skal føra tilsyn med veginfrastrukturen, ei viktig oppgåve i arbeidet med å gjera vegtrafikken enda tryggare, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Vegtilsynet vil bli organisert som ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk skilje mellom Vegtilsynet og anna verksemd i Statens vegvesen. Samferdselsdepartementet har tidlegare avgjort at Vegtilsynet skal leggjast til Voss, skriver departementet i ei pressemelding.

-Iverksettinga av tilsynet vil skje gradvis. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det i første omgang blir oppretta eit tilsyn med det statlege vegnettet. Det vil vera på plass sommaren 2012. På denne måten kan ein byggja opp ein organisasjon og hausta erfaringar frå tilsyn med statleg vegnett, før ein innfører tilsyn også med fylkesvegar og kommunale vegar, seier samferdselsministeren.




av Torkelsen, Jan H., publisert 10. oktober 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Holdeplass Ved UiA
    av jto, 17.06.19

    Mye positivt i årsrapporten for 2018 fra Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen

    Les mer
  • Logo -ATP-samarbeidet
    av jto, 14.06.19

    Det søkes om belønningsavtale for de fire årene, 2020-2023, med en ramme på 500 millioner kroner

    Les mer
  • Mandalskrysset
    av jto, 13.06.19

    Det bør åpnes for et bevertningssted i det nye Mandalskrysset på ny E39

    Les mer