Vest-Agder fylkeskommune brukte 33 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på stadutvikling og profilering i 2010. Det største satsingsområdet var næringsutvikling der fylkeskommunen brukte 46 prosent av midlane. Dette går fram av rapporten Vest-Agder fylkeskommune har sendt Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane. Vest-Agder fylkeskommune fordelte 43,97 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året, skriver departementet i en større samanheng kor dei tek for seg alle fylkeskommunanes bruk av utviklingsmidlane.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

Av særlege utfordringar i fylket, rapporterer Vest-Agder om eit konkurranseutsett næringsliv. Fylkeskommunen har difor sett i verk tiltak for å betre konkurranseevna og å bidra til vekst og nye arbeidsplassar i fylket gjennom nyskaping og omstilling.

GlobalFuture logoAndre utfordringar fylkeskommunen trekker fram, er å identifisere uutnytta potensial knytt til unge,Female Future-logo kvinner og innvandrarar. Fylkeskommunen har gitt støtte til prosjekt for desse målgruppene. Talet på ungdomsbedrifter har vakse kraftig, og eit rekordhøgt tal jenter på vidaregåande skular har valt realfag. Fylkeskommunen har i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og næringsliv satsa på å betre likestillinga i fylket. Female Future Agder skal blant anna bidra til at kvinner kjem inn i leiarstillingar, og Global Future Agder skal hjelpe innvandrarar inn i relevant arbeid.

- Me registrerer at fylkeskommunen har identifisert særskilte utfordringar knytt til unge, likestilling og innvandrarar, og at den har følgt opp med tiltak spesielt retta mot desse målgruppene. Det er òg interessant at Vest-Agder satsar så mykje på stadutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
Vest-Agder fylkeskommune   
Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar


av admin, publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden