- No får 26 nye kommunar bli med i ”Saman om ein betre kommune”. Dei skal jobbe med utfordringar som sjukefråvere og rekruttering. Kompetanse og arbeidstid blir også tema, seier statsråd Liv Signe Navarsete. Bland dei nye er Flekkefjord. Fra før deltek: Mandal, Kvinesdal og Sogndalen Saman om ein betre kommune er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS og forhandlingssamanslutningane. Målet er å hjelpe kommunane å betre omdømet.

Til saman 53 kommunar er no med i programmet som skal vare i fem år. - Interessa har vore stor. Dei mange gode prosjekta kan skape dynamikk og engasjement for fornying i kommunane. Et trur dette vil gje idear og kunnskap som kan kome heile sektoren til gode, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunane i programmet er spreidde over heile landet. Totalt omfattar dei om lag 700 000 innbyggjarar. Det er planlagt å utvide med fleire kommunar hausten 2012.


av admin, publisert 14. november 2011 | Skriv ut siden