Senterpartiets gruppeleder i fylkestinget Sigmund Oksefjell overbrakte, ved åpningsarrangementet av den nye E-39-strekningen i går, en hilsen fra samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa: -Gratulerer med dagen! Eg gler meg i lag med dykk. Løysinga som kom på plass i ”tolvte time” er framtidsretta. Lokalt engasjement, praktiske og gode løysingar, vert lytta til, og vinn fram. Den nye vegen som opnar i dag kjem i staden for ein veg som har vore vanskeleg for tunge køyretøy, hatt mange ulukker og generelt dårleg standard. Eg registerer og med glede at vegen har vorte rimelegare enn det opphavlege kostnadsoverslaget.

-Prosjektet i Lindesnes vil gjera tilhøva enklare og tryggare for både lokale trafikantar og for gjennomgangstrafikk. I dag gledar vi oss over 4 km ny veg.

-Framleis har vi eit arbeid å gjera med E39 gjennom Lindesnes. Både vegen rundt Giskedalskilen og dei tett busette områda mot Vigeland gjer at det er trong for ny veg også der. Kommunen og Statens vegvesen arbeider for fullt med å få på plass ein reguleringsplan for strekninga frå Vigeland og over til den nye vegen på Fardal.

-Departementet la i budsjettet for 2011 til grunn at det skulle veljast ei enkel løysing for tilkopling mellom ny og gammal veg på Fardal. Vi må koma tilbake til vidare utbygging av Vigeland – Fardal når det ligg føre nødvendige avklaringar.

-Nok ein gong: Gratulerer med dagen!


av Torkelsen, Jan H., publisert 1. november 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Holdeplass Ved UiA
    av jto, 17.06.19

    Mye positivt i årsrapporten for 2018 fra Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen

    Les mer
  • Logo -ATP-samarbeidet
    av jto, 14.06.19

    Det søkes om belønningsavtale for de fire årene, 2020-2023, med en ramme på 500 millioner kroner

    Les mer
  • Mandalskrysset
    av jto, 13.06.19

    Det bør åpnes for et bevertningssted i det nye Mandalskrysset på ny E39

    Les mer