På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Vegdirektoratet vurdert spørsmålet om å auka fartsgrensa for buss med sitjeplassar og setebelte. Vegdirektoratet har no sendt eit forslag om å mjuka opp reglane på høyring til bland anna fylkeskommunane. Ifølgje trafikkreglane kan ikkje såkalla buss klasse III -buss som berre har sitjeplassar og krav om bruk av setebelte - køyra fortare enn 80 km/t same kva som er fartsgrensa på strekninga. Dette kan no bli endra. - Å gjera kollektivtransport attraktivt for dei reisande er viktig. Dette forslaget kan også medverka til betre flyt i trafikken på motorvegane våre, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Utviklinga både i vegstandard og standard knytt til sikkerheit på buss, har dei siste åra vore god. Samferdselsdepartementet har derfor tatt initiativ til ei ny vurdering av dagens fartsgrenser.

Vegdirektoratet har sett på relevant regelverk i andre europeiske land, og har vurdert ein eventuell auke i fartsgrense for buss klasse III med omsyn til både sikkerheit, miljø og framkome. På bakgrunn av dette foreslår Vegdirektoratet no å auka den tillatne farten for buss til 90 km/t der den generelle fartsgrensa er på 90 km/t.

Vegdirektoratet tilrår i utgangspunktet ikkje å auka fartsgrensa for buss til 100 km/t der den generelle fartsgrensa elles er 100 km/t. Vegdirektoratet meiner at dei har for lite konkret informasjon, sjølv om det ikkje ser ut som om større fart vil føra til stor farts- eller ulukkesauke.

Vegdirektoratet ønskjer likevel at høyringsinstansane kjem med synspunkt både på auke av fartsgrensa til 90 km/t og til 100 km/t, slik at ein etter høyring kan ta stilling til dette.

Høyringsfristen er sett til 28. februar 2012.

Høyringsbrevet finn du hos Vegdirektoratet


av Torkelsen, Jan H., publisert 5. desember 2011 | Skriv ut siden