Lindesnesregionen Næringshage i Mandal får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Vest-Agder fylkeskommune og SIVA bestemt. - Næringshageprogrammet er viktig fordi me har tru på at felles lokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. I tillegg har me og sett mange døme på at det ut frå slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping. Det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Fleire små bedrifter i eit tverrfagleg miljø gir auka verdiskaping, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane bidreg til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

Lindesnesregionen Næringshage skal vere ein pådrivar for innovasjon og entreprenørskap i heile regionen. I dag er det 13 bedrifter i Næringshagen med til saman 31 tilsette. Blant dessa er det både gründerbedrifter og veletablerte verksemder. Næringshagen har dei siste åra hatt mellom 40 og 50 gründere i året til rettleiing.

Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.

SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen harLindesnesregionen næringshage logo hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke. - Eg er nøgd med at det nye programmet no er kome godt i gang og ser positivt på det tette samarbeidet mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.


av Torkelsen, Jan H., publisert 20. desember 2011 | Skriv ut siden

Siste fra Utdanning

  • Hilde Og Damman Undertegner Avtale Vedrørende Skoleanlegg I Søgne
    av jto, 03.12.19

    Viktige avtaler på plass for ny videregående skole i Søgne

    Les mer
  • Datatastatur
    av jto, 20.11.19

    Går inn for å få digital skolehelsetjeneste for hele Agder

    Les mer
  • Bonga -prosjekt
    av jto, 18.11.19

    Tangen videregående skole engasjert i Tanzania-prosjekt

    Les mer