Nær halvparten av førstegongsveljarane røysta ved kommunestyrevalet i haust. Dette er ein stor auke frå låge 33 prosent i 2007. – Det gir meg håp for framtida. Det gjer meg meir trygg på tramtida at dagens unge generasjon sluttar opp om demokratiet når dei ser det blir truga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Forskarane Johannes Bergh og Guro Ødegård ved Institutt for Samfunnsforskning vektlegg terrorangrepet i Oslo og massakren på Utøya 22. juli 2011 som ein viktig årsak til den sterke auken i valdeltakinga blant førstegongsveljarane i ei pressemelding.

Ved førre kommuneval stemte berre 33 prosent av førstegongsveljarane. Ved valet i fjor haust auka oppslutninga mellom ungdommane med 13 prosentpoeng til 46 prosent.
– Vi hadde håpa på ein endå større auke i valdeltakinga ved kommunevalet i haust enn det vi såg.
Statsråd Liv Signe Navarsete
Statsråd Liv Signe Navarsete
Men det er godt å sjå dei tala vi ser i dag. Dette betyr at dei unge mobiliserer når dei ser ungdommar blir ramma i sitt arbeid for demokratiet, seier Navarsete.
Ho er også nøgd fordi forsking syner at når ein først har stemt som førstegongsveljar, er sjansen større for at ein vil nytte stemmeretten igjen.– Eg håper vi vil sjå dette ved val i framtida og at dei unge vil mobilisere også ved komande val. Det er viktig å hegne om demokratiet vårt, seier Navarsete.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HU Utdanning Og Kompetanse 2019
    av jto, 12.11.19

    Forberedelsen til fire år med politisk virksomhet i gang

    Les mer
  • Bli Med På UFT
    av jto, 08.11.19

    Er du mellom 15-19 år? Bli med Ungdommens fylkesting

    Les mer
  • FT-web -22.10.19
    av jto, 16.10.19

    Følg fylkestingets møte 22. oktober direkte på web-TV

    Les mer