I 2011 mista Agder-fylka ni menneske i meiningslause trafikkulukker. Ni dyrebare menneske - kvinner og menn i alle aldrar. Året før gjekk 19 liv tapt. Året før det 18. Aller verst var det i 1999. Då døydde 38 personar i trafikken på Agder. Kvart einaste år får nye familiar liva sine snudd opp ned. Mange for alltid. Varige skadar - sorg - sakn og ikkje minst skuldkjensle. Om eg berre ikkje hadde gjort slik! Om eg berre hadde sagt sånn. Det gjer så vondt!- slik innleda samfredselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sin appell under Aksjon mot trafikkdød 2012 i Kristiansand torsdag.

Hun beretta om korleis ho mista ei nær veninne då ho var 18 år. Vennina var 18. -Det var ei såkalla ungdomsulukke. I heimen hennar stod det for alltid ein stol tom. Eg tek meg i å tenkja på henne enno. Det hender rett som det er at eg gløymer fødselsdagar, til og med til nokon som står meg nær. Hennar hugsar eg kvart einaste år. Kvar gong eg som samferdselsminister får ei melding om eit dødsfall i trafikken, går det inn på meg. Eg tenkjer på han eller ho som har mista livet. På familien. På alt det tunge som er i vente. Det er brått og brutalt å mista eit familiemedlem eller ein kjær ven – det å oppleva at nokon nær oss blir drept eller alvorleg skadd, det er noko av det tyngste og vanskelegaste vi kan oppleva i livet.

-De har arrangert Aksjon mot trafikkdød her i Agder-fylka sidan 1998. Det tyder på eit stort lokalt engasjement. Eg veit at de deler – eg veit at de arbeider for – den same visjonen som regjeringa har: Null drepne og hardt skadde i trafikken. Vi må alltid ha nullvisjonen for auga. Vi kan ikkje godta at trafikken drep. Vi har ingen å mista! Heldigvis er vi på rett veg. På landsbasis har vi mista 38 færre i trafikken enn i fjor, her i Agder-fylka er talet 10 færre. Det er ei mager trøyst for dei som allereie er råka. Det gir likevel håp for framtida! Det nyttar å engasjera seg!

-Eg vil oppmoda alle som er her i dag om å fortsetja arbeidet mot trafikkdød – kvar på sin måte. Som samferdselsminister kan eg lova dykk at trafikksikkerheit er jobb nummer ein i Samferdselsdepartementet.

-Markeringar som denne her i dag, set søkelyset på omfanget av ulukkene. Vi blir minna om at dette er noko som kan ramma oss alle. Eg har djup respekt for dei som har mista livet i trafikken. Eg har medkjensle med dei skadde, etterlatne og pårørande. Eg vonar denne stunda gir dykk rom for sorg og ettertanke, men også for håp.

Minneaksjon Magnhild Meltveit Kleppa på talerstolen
Magnhild Meltveit Kleppa på talerstolen på Aksjon mot trafikkdød 2012.

av admin, publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Johaugs Reflekskolleksjon
    av jto, 16.10.19

    Invester fem minutter på refleksdagen

    Les mer
  • Broåpning Feda 11.10.19
    av Jan Torkelsen og samferdselsseksjonen, 14.10.19

    Ny bro på Feda i Kvinesdal offisielt åpnet

    Les mer
  • Selvkjørende Buss
    av jto, 10.10.19

    Det må tas høyde for teknologisk utvikling i transportsektoren

    Les mer