Kommunal- og regionaldepartementet gir i år 123,55 millionar kroner til fylkeskommunane. Av dette mottar Vest-Agder fylkeskommune 2,75 millionar kroner. - Tilgang til breiband med høg kapasitet er naudsynt i heile landet for at alle skal kunne ta del i samfunnsutviklinga og for å sikre vekst i næringslivet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Sjølv om dei fleste bur i område med tilbod om breiband i dag, har mange stader behov for ”breiare” breiband. Regjeringa har difor satsa på å stimulera til utbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut.

- Betre og raskare breiband er naudsynt for at bedrifter skal kunne etablere seg eller utvikle seg i alle deler av landet, seier Navarsete. Breiband er god samfunnsøkonomi og heilt avgjerande for å
Kommunalminister Liv Signe Navarsete (SP)
Kommunalminister Liv Signe Navarsete (SP)
møte framtidige behov innan skule, helse og næringsliv, og for å hindre digitale klasseskiljer.
- Utbygging av breiband er viktig for at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier statsråden.
Område som ikkje har tilbod om breiband vil framleis bli prioritert, men midlane vil og bli nytta til å auke kapasiteten på nettet. I fylke der ein har oppnådd full breibandsdekning med god nok kapasitet, kan fylka nytte midlane til annan infrastruktur og næringstiltak etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet, opplysar departementet i ei pressemelding.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden