-Den auka satsinga på samferdsel sidan 2006 skal vidareførast og styrkjast. Skal vi dra mest mogleg nytte av dei auka midlane, er det mellom anna viktig å få redusert planleggingstida for store veg- og jernbaneprosjekt. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho onsdag mottok rapporten ”Effektivisering av planprosessene i store samferdselsprosjekter”. Den er laga av ei arbeidsgruppe som blei oppretta av Samferdselsdepartementet i desember i fjor. Arbeidsgruppa har særleg vurdert korleis ein innanfor dagens regelverk kan få til meir effektiv planlegging.

av Torkelsen, Jan H., publisert 18. april 2012 | Skriv ut siden