Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold. Karl Evang-prisen for 2012 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål. Prisen er på 50 000 kroner. Frist for å sende inn framlegg om kandidatar er 24. august 2012.

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.

Prisen blir delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar torsdag 18.oktober.

Skriftleg søknad/framlegg med grunngjeving kan sendast av kandidaten eller andre personar og organisasjonar til:

evangprisen@helsetilsynet.no
eller:
Statens helsetilsyn
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo.


av Torkelsen, Jan H., publisert 8. mai 2012 | Skriv ut siden