Den regionale partnerskapen i begge Agderfylka har dei siste fem åra skapt ein møteplass for kommunar og næringsverksemder. Kompetanse var nøkkelordet i år. Fylkesordførarar i Vest Agder, Terje Damman opna konferansen med nettopp å kunne syne til ein sterk vilje på å setja kunnskap og kompetanse i sentrum for utvikling og vekst i landsdelen. Her fylgte utdanningsdirektør, Gunnar Skaar opp med å setja fokus på ungdom og utdanning. Han påpeika at barn og unge er 30 prosent av befolkninga, men 100 prosent av framtida. Difor oppfordra han alle til å framsnakka utdanning og skule.

Eit næringsliv på kunnskapsvandring

Avdelingsleiar på Distriktssenteret, Steinar Fredheim formidla ein del av arbeidet som er gjort i den nye NOU-utgreiinga av kompetansearbeidsplassar i distrikta. Kva er rett kompetanse? Er det

UE- representanter på Framtidsbygda 2012
Kjell Johan Forgard, Kjetil Vasland og Nikolai Foss Stray fortalde om sin ungdomsbedrift på ein glitrande måte. Foto: Roar Werner Vangsnes.
høgare utdanning, eller er det kompetanse som ikkje treng høgare utdanning, men som treng meir skreddarsydd for formålet? Fredheim påpeika at det er viktig å tenke smart når ein ser dei på korleis ein kan tiltrekka den rette kompetansen. Han snakka vidare om korleis vi kan nytta oss av kunnskapen som våre nye landsmenn sit inne med. Arbeidsinnvandring har dei siste åra vore svært viktig for mange kommunar og bedrifter i distriktsnorge, sa han.

Ungt Entreprenørskap og vidaregåande utdanning

Framtidsbygda 2012 på Agder nytta også høvet til å få fram gode døme på ungdom som får inspirasjon gjennom praktisk fagbygging på vidaregåande skular, og korleis det er å starte ei verksemd gjennom m.a. Ungt Entreprenørskap på Agder. Katrine Gregersen i Ungt Entreprenørskap-Agder, hadde eit av svara for framtida. Vi skal inspirere unge til å tenke nytt og skapa verdiar gjennom orda framtid, sampel og skaparglede.

Kjell Johan Forgard, Kjetil Vasland og Nikolai Foss Stray, fortalde om sin ungdomsbedrift på ein glitrande måte. Foto: Roar Wener Vangsnes

av Torkelsen, Jan H. og Roar Werner Vangsnes, Distriktsenteret, publisert 16. mai 2012 | Skriv ut siden

Siste fra Plan og miljø

  • Skibmannsheia
    av jto, 04.09.19

    Bidrar til å utvikle Skibmannsheia i Lindesnes til regionalt turmål

    Les mer
  • Forsideutsnitt Kommuneplan Lindesnes
    av jto, 30.08.19

    Positiv anbefaling av forslag til kommuneplanens samfunnsdel for nye Lindesnes

    Les mer
  • Lindesnes Kommune Arealdel
    av jto, 17.06.19

    Anbefaler Lindesnes kommune å stille arbeidet med kommuneplanens arealdel i bero

    Les mer