Førebelse tal syner at kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 172 millionar kronar i 2013. –-Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013. -Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete i ei pressemelding i samband med offentleggjeringa av Revidert Nasjonalbudsjett i dag.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1001 Kristiansand

62,6

1002 Mandal

12,7

1003 Farsund

7,2

1004 Flekkefjord

8,0

1014 Vennesla

11,7

1017 Songdalen

6,4

1018 Søgne

9,5

1021 Marnardal

3,3

1026 Åseral

0,8

1027 Audnedal

1,7

1029 Lindesnes

3,4

1032 Lyngdal

7,9

1034 Hægebostad

1,8

1037 Kvinesdal

4,7

1046 Sirdal

1,7

Vest-Agder

143,4

Vest-Agder fylkeskommune

28,6


av Torkelsen, Jan H., publisert 15. mai 2012 | Skriv ut siden