Hovudmålet med prosjektet «Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder 2012-14» er å betre lønnsemnda, auka produksjonen og kvaliteten i sauehaldet og redusere tap på utmarksbeite. Sauenæringa er viktig for matproduksjonen, sysselsettinga og kulturlandskapet i mange av kommunane i Vest-Agder. Vidare er sauenæringa viktig for å utnytte dei store utmarksressursane i fylket. Vest-Agder Sau og Geit og Norsk landbruksrådgiving Agder er prosjekteigar, og Ove Myklebust er tilsett som prosjektleiar. I styringsgruppa sit vidare Innovasjon Norge, Vest-Agder Bondelag, Vest-Agder Bonde- og småbrukarlag, Nortura, KLF og Fylkesmannen i Vest-Agder.

I perioden 2000-2010 har dessverre sauenæringa i fylket vore i kontinuerlig tilbakegang både med omsyn til tal vinterfora sauer og tal brukarar som driv med sau. Denne utviklinga vil en prøve å snu gjennom prosjektet.

Å redusere tap av sau og lam på utmarksbeite er eit anna fokus for prosjektet. Ulike tapsårsaker, færre dyr på utmarksbeite og færre til å føre tilsyn med desse gir spesielle utfordringar for beitebruken.


av Torkelsen, Jan H., publisert 10. mai 2012 | Skriv ut siden