Kommunar, kulturskular og organisasjonar har vist stor interesse for midlane som Kunnskapsdepartementet nå har delt ut. Det blei motteke 353 søknader, og av desse har 224 fått støtte. !3 søknadar fra Vest-Agder mottek midlar. Vest-Agder-prosjektane får til saman 845 000 kroner.Eit mål med midlane er å byggje ein arena for samarbeid mellom kulturskulane og skulane. – God tilgang til kunst og deltaking i kulturelle aktivitetar kan bidra til at born og unge betre meistrar tilveret og får eit større utbytte av opplæringa. Skapande verksemd gjer varierte arbeidsmåtar og stimulerar meistring i skulearbeidet, seier Kristin Halvorsen.

Prosjekta får støtte til å utvikle eit mangfaldig og betre kulturtilbod til fleire elevar, utvikle den kulturelle kompetansen til elevane, og leggje til rette for betre utnytting av dagens ressursar.

Det har blitt gitt tilskot til tre ulike prosjekttypar: kombinerte stillingar til skule/kulturskule, nye utviklingsprosjekt og vidareføring av etablerte prosjekt.

I søknadsbehandlinga er det lagt vekt på låg terskel for å nytte tilbodet, tilbod til fleire og nye elevgrupper, og utviklingsprosjekt som når alle barn og unge i heile opplæringslaupet. Det vert lagt vekt på fagleg så vel som skapande verksemd og refleksjon.

av Torkelsen, Jan H., publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden