I satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) følgjer fylkeskommunane opp korleis dei kan bli endå betre til å samhandle. Kommunal- og regionaldepartementet deler no ut 30 nye millionar til fylkeskommunane for at dei skal halde fram med det gode arbeidet å vidareutvikle si samhandling med kommunane. Denne satsinga skal gje kommunane betre vilkår for å planleggje, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak. - Eg er oppteken av at satsinga skal skape resultat gjennom enda tettare samarbeid mellom kommunar og fylke. Effekten av denne kompetanse- og kapasitetsbygginga skal merkast i kommunane, seier kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Vest-Agder fylkeskommune har som mål å styrke innsatsen til og samarbeidet med de kommunar som er prega av fråflytting og stagnasjon. I tillegg vil fylkeskommunen vidareutvikle kystkommunar sin kompetanse på byggeskikk, arkitektur, design og småbyen sine kvalitetar.

Vest-Agder fylkeskommune skal:
-
Samarbeide med kommunane om bulyst og utvikling i innbyggartalet og korleis kulturelle møteplassar kan gå inn i eit målretta arbeid for å styrke busettinga.
-Inngå og følgje opp samarbeidsavtalar med kommunane med kompetansehevande tiltak i dei enkelte kommunane på område som stadutvikling, stadanalysar, potensialstudiar, og mobilisering av innbyggarar.
-Drive regionale nettverk, for eksempel innan planarbeid for å utveksle erfaringar og fylle på kompetanse.
-Etablere ein felles planressurs for kommunane Åseral, Hægebostad og Audnedal som skal styrke plan- og utviklingskapasitet og kompetanse.
-Etablere eIt ressurssenter for byggeskikk for å få nødvendig kompetanse til å ta vare på dei historiske trebyane i fylket og utnytte kvalitetane til verdiskaping.
-Arrangere åtte ulike kurs i løpet av året for ulike målgrupper.
-Utarbeide kurs for kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon.
-Jamleg kontakte vidaregåande skular.
-Etablere lågterskeltilbod for huseigarar og andre interesserte med blant anna bokkafè.

Følgjeevalueringa til satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) har vist at dei som er best på samhandling også er dei som er dei beste utviklingsaktørane. Nettverkssamlingar har gitt fylkeskommunane innspel til korleis samhandlinga kan bli enda betre.

Telemarksforsking og Arbeidsforskningsinstituttet har ansvar for å gje faglege tilskot til utviklingsprosessane i kvart fylke. Blant anna har Telemarksforsking utarbeidd ti gode råd for samhandling, som eitt av mange innspel til utviklingsarbeidet som fylkeskommunane no set ut i livet.

av Torkelsen, Jan H., publisert 8. juni 2012 | Skriv ut siden

Siste fra Plan og miljø

  • Havkraft
    av jto, 05.11.19

    Positiv høringsuttalelse om åpning for fornybar energi til havs

    Les mer
  • Vennesla Attraksjonsutvikling Illustrasjon
    av jto, 10.10.19

    Støtte til attraksjonsutviklings-prosjekt i Vennesla

    Les mer
  • Norges Lover Stilistisk Forsidebilde
    av jto, 27.09.19

    Positiv høringsuttalelse til at antall rovviltnemder blir justert

    Les mer