Evalueringa av forsøket med internettrøysting i ti kommunar ved valet hausten 2011 er no klar. - Rapportane gjev oss verdifull kunnskap. Dei er viktige når vi skal vurdere framtida for e-val i Noreg, seier statsråd Liv Signe Navarsete. Eit viktig mål for forsøket var å auke tilgjenge for alle veljarane. 95 prosent av dei som røysta via Internett syntes dette var ein enkel og praktisk måte å røyste på. Evalueringa viser at også personar med nedsett funksjonsevne ønskjer e-val. Mange av desse kunne røyste utan hjelp for første gong.

- No skal vi lese rapportane nøye. Regjeringa vil melde tilbake til Stortinget om forsøket i ein proposisjon i løpet av hausten 2012. Fram til då vil vi vurdere om - og eventuelt korleis - forsøket skal følgjast opp, seier kommunalministeren.

I evalueringa har dei eksterne forskingsmiljøa sett på fleire aspekt ved e-valet. Dei tek mellom anna opp om forsøket gjekk rett føre seg og om det var i tråd med internasjonalt regelverk og standardar. Ein samla sluttrapport frå evalueringa blir lagt fram på eit ope seminar på Litteraturhuset 12. september.

Veljarane i forsøkskommunane hadde høg tillit både til valgjennomføringa generelt og til sjølve e-valforsøket. 92 prosent av dei med røysterett i forsøkskommunane, meiner det bør vere mogleg å røyste via Internett ved val i Noreg. At så mange valde å røyste elektronisk, viser også at det var høg tillit til forsøket. 72,4 prosent av dei som førehandsrøysta i forsøkskommunane, valde å røyste via Internett i staden for på papir. Det var ikkje mogleg å røyste via Internett på sjølve valdagen.


av Torkelsen, Jan H., publisert 13. juni 2012 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • Fakta Om Det Nye Fylkestinget
    av jto, 16.09.19

    Fakta om det nye fylkestinget i Agder fylkeskommune

    Les mer
  • Valglogo
    av jto, 12.09.19

    Representantene i det nye fylkestinget

    Les mer
  • Valgurne Illustrasjon
    av jto, 11.09.19

    Valgresultat for fylkestingsvalget

    Les mer