Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) la nylig fram resultata frå ei spørreundersøking om Interreg i dei norske fylkeskommunane. Bland dei som svarte var Vest-Agder fylkeskommune. Målet var å innhente erfaringar frå denne programperioden, få inn forslag til endringar i kommande periode (2014-2020) og få innspel på korleis Interreg fungerer i lag med andre program og virkemidlar. Svara viste at norske fylkeskommunar meiner at Interreg er eit viktig verktøy for å nå sine regionale målsettingar. Interreg kan bli enda meir nyttig, om det i neste programperiode blir lagt betre til rette for at næringslivet kan delta.

Viktig verktøy for fylka
Då fagdirektør Arve C. Skjerpen presenterte resultata under KRDs Interreg-konferanse i Oslo, kom det tydelig fram at fylkeskommunane i stor grad er positive til og utnytter Interreg som et verktøy i sitt regionale utviklingsarbeid. - Svara viser at Interreg har bidrege til meir samarbeid og erfaringsutveksling mellom fylka internt i Norge. Samtidig svarer fylka at Interreg er eit viktig instrument for å møte felles utfordringar på tvers av landegrensene, blant anna når det gjeld infrastruktur, forsking og utvikling, sa Skjerpen.
Samarbeid fungerer godt
Fylka er tilfredse med korleis Interreg-samarbeidet fungerer både internt i Norge og når det gjeld programutvikling og -gjennomføring i lag med i dei internasjonale partnarskapa. Samtidig går det fram av undersøkinga at fylka ønskjer at KRD i sterkare grad involverer seg i programutvikling for dei grenseregionale programma. - Dette skal sikre god koordinering med partnarlanda og med dei regionale partnarane. Fylka peker og på at den politiske forankringa kan bli betre. Det gjeld særleg for dei transnasjonale programma, sa Skjerpen.
Norge får leadpartnarar
Fylkeskommunane er i hovudsak positive til at EU-kommisjonen for neste programperiode foreslår ein tematisk konsentrasjon i satsingsområda for Interreg. Ei stund har det vore usikkert om norske aktørar fekk anledning til å lede Interreg-prosjekter i neste periode. Under Interreg-konferansen nylig, gjekk Vicente Rodriguez Saez langt i å garantere at Norge kan halde fram som leadpartnar for Interreg-samarbeid også etter 2013. Rodriguez Saez er leiar for ETC, European Transnational and Interregional Cooperation.
- Fylkeskommunane er og opptatte av at Interreg i neste periode må legge gjere det lettare for privat sektor å delta i Interreg-prosjekter. De ønskjer og at Interreg og andre, nasjonale programsatsingar blir betre samordna. Dette ønskjet deler dei med både våre partnarland og EU-kommisjonen, fortalde Skjerpen. Fylkeskommunane meiner i tillegg at Interreg må bli dyktigare til å formidle resultat frå prosjekta, og at programma må stille strengare krav om reslutatformidling når dei gir prosjektstøtte.
Vil tettare på
Undersøkinga viser at det frå norsk side ikkje er behov for vesentlig endringar i geografien for dei enkelte Interreg-programma. Likevel foreslår Nordland at A-programma Botnia-Atlantica og Nord enten slås saman, eller at det blir gjort endringar i styringsstrukturen. Møre og Romsdal har fremma ønskje om å bli såkalla 20 prosent-region i Sverige-Norge-programmet, mens Oppland ber om fullverdig deltaking både i Sverige-Norge-programmet og ØKS-programmet.
Kilde: interreg.no

av Torkelsen, Jan H., publisert 18. juni 2012 | Skriv ut siden