Kommunal- og regionaldepartementet vil ha endå tydlegare reglar når ein lokalt ønskjer å endre grensene til kommunar eller fylke. Difor har departementet sendt på høyring fleire framlegg til endringar i den såkalla inndelingslova. -Inndelingslova er ti år i år. Vi treng ei lov som har dei beste løysingane på utfordringane i slike prosessar. No foreslår vi endringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Departementet ber om innspel på fleire ulike framlegg. Blant desse er tre alternativ til korleis ein kan regulere økonomien ved grenseendring mellom kommunar med kraftinntekter.

Dessutan foreslår departementet at Kongen skal kunne overføre inntil éin kommune til eit anna fylke uansett areal eller talet på innbyggjarar. Saker som gjeld fleire kommunar, må til Stortinget.

Departementet ønskjer å gje innbyggjarane større påverknad på prosessen ved deling av ein kommune eller eit fylke. Høyringsnotatet inneheld òg framlegg til endringar som gjeld budsjettarbeidet i fellesnemnda, kontrollen til fylkesmannen, val av revisor og delegeringa frå departementet til fylkesmannen.

Høyringsfristen er 10. oktober 2012.

Offentleg høyring av framlegg til endringar i inndelingslova


av admin, publisert 1. januar 0001 | Skriv ut siden