Anne Willoch og Roar Svindland fekk kulturlandskapsprisen i Vest-Agder for 2012. Prisen blei delt ut messa Naturligvis på Evje søndag 12. august av landbruksdirektør Dag Petter Sødal. Med rundt. 250 villsauer driv Anne og Roar skjøtsel av verdifulle kulturlandskap i Flekkefjord landskapsområde, Kjøpsøy og Sutenøy i Lyngdal, Einarneset plante- og fuglefredingsområde i Farsund og Tingparken i Hægebostad. Det er Kulturlandskapsgruppa i Vest-Agder som tildeler prisen. Denne gruppa består av Vest-Agder fylkeskommune, Fylkesmannen i Vest-Agder, Vest-Agder Bondelag, Vest-Agder Bonde- og småbrukerlag og Norsk landbruksrådgiving Agder.

Tildelinga er grunngitt på følgjande måte: Prisvinnarane er pionerar når det gjeld hald av villsau, skjøtsel av kystlynghei og restaurering av slåttemark, og dei er viktige bidragsytarar for framveksten av fagmiljøet for villsau. Hald av villsau har auka monaleg dei seinare åra langs kysten i heile fylket. I 2005 var det registrert 15 villsauer med utegang fordelt på tre brukarar. I 2011 er talet vaksne villsauer over 1100 fordelt på 24 brukarar.

Anne og Roar si villsaudrift og skjøtsel av ulike kulturmarkstypar er prega av stor fagleg dyktighet, engasjement og pågangsmot. Dei har og vore viktige støttespelarar for fleire som har starta opp med denne driftsforma.

Dei er gode representantar for dei mange som har starta med villsau for å ta vare på verdifulle kulturmarkstypar langs kysten. Dette er viktig i ei tid med aukande gjengroing og tap av biologisk mangfald.

Allmennheten nyt godt av dette arbeidet ved at gjengrodde landskap blir ope og lettare tilgjengeleg, og større naturmangfald gir gode natur-opplevingar for folk flest.

Kulturlandskapsprisen består av ein gåvesjekk på  15 000 kroner og eit bilete med påskrudd plate med tekst “Kulturlandskapsprisen i Vest-Agder 2012”.

Kilde: FMVA

av Torkelsen, Jan H., publisert 14. august 2012 | Skriv ut siden