Kommunal- og regionaldepartementet vil ha endå tydlegare reglar når ein lokalt ønskjer å endre grensene til kommunar eller fylke. Difor har departementet sendt fleire framlegg til endringar i den såkalla inndelingslova på høyring. Høyringsfristen er 10. oktober 2012. Departementet ber om innspel på fleire ulike framlegg. Blant desse er tre alternativ til korleis ein kan regulere økonomien ved grenseendring mellom kommunar med kraftinntekter. Dessutan foreslår departementet at Kongen skal kunne overføre inntil éin kommune til eit anna fylke uansett areal eller talet på innbyggjarar. Saker som gjeld fleire kommunar, må til Stortinget.Til sida for høyringssaka

av Torkelsen, Jan H., publisert 19. september 2012 | Skriv ut siden