Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Vest-Agder fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 34,7 millionar kroner i 2013. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 79 prosent av desse midlane.- Kjernen i det regionale utviklingsarbeidet er å fremje ei heilskapleg samfunnsutvikling. Fylkeskommunane er med på å utvikle attraktive stader og auke verdiskapinga til næringslivet i heile landet. Dei handlar ut frå eigne utfordingar og mål, er gode pådrivarar og samarbeidspartnarar for regional uvikling og får ting til å skje i lokalsamfunna våre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Vest-Agder er 6,56 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

2,5 millionar kroner av løyvinga til Vest-Agder fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).

Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2012 var kompensasjonsmidlane i Vest-Agder på 3,4 millionar kroner.

Kilde: KRD

av Torkelsen, Jan H., publisert 16. oktober 2012 | Skriv ut siden