Kommunal- og regionaldepartementet tilrår at Stortinget avslår at kommunane Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand får bytte fylke. Proposisjonen til Stortinget blei lagt fram i statsråd i fredag 8. februar 2013. - Dette har vore ei vanskeleg sak. Motstridande lokale synspunkt har peika i ulike retningar. Etter ei heilskapleg vurdering har regjeringa landa på at å tilrå at Stortinget avslår søknadene, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Hausten 2011 søkte kommunane Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand om å få endre fylkestilknyting frå Aust-Agder til Vest-Agder. NIVI Analyse AS greidde ut saka. Det blei også gjennomført ei høyring i kommunane i begge fylka, i dei to fylkeskommunane og fylkesmannsembeta.

I utgreiinga og høyringa blei det presentert relevante argument både for og mot den skisserte grensejusteringa. I konklusjonen har departementet lagt vekt på dei negative konsekvensane for vidare drift av Aust-Agder fylkeskommune ved ei grensejustering. Det er dessutan teke omsyn til sjansen for at andre kommunar i Aust-Agder også kan kome til å søkje om fylkesbytte.

Lenkje til proposisjonen

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 8. februar 2013 | Skriv ut siden