Eit nytt tilbod frå Kommunal- og regionaldepartementet gjer at alle no kan nytte internett til å føreslå endringar i kommunen og fylkeskommunen dei bur i. - Vi har teke eit nytt steg i arbeidet med å nytte moderne teknologi for å utvikle lokaldemokratiet. Folk kan lettare fremje saker og ta hand om interessene sine når vi legg til rette for å fremje innbyggjarinitiativ på internett, seier statsråd Liv Signe Navarsete. I den nye nettportalen er det enkelt å spreie innbyggjarinitiativ på ulike sosiale media.

Nettportalen www.misak.no/minsak.no gjer det mogleg å både føreslå saker og samle underskrifter. Samlar ein nok underskrifter, må kommunestyret handsame saka. Ein må samle underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane i kommunen, eller i kommunar med meir enn 6000 innbyggjarar minst 300 underskrifter. I fylkeskommunen må ein ha minimum 500 underskrifter. Tidlegare undersøkingar syner at om lag ein av fem får gjennomslag for saka si.

- Eg vonar og trur misak.no kan få fram gode saker som fortener å bli tatt opp og diskutert. Eg har tidlegare oppmoda rådmenn og politikarar til å handsame initiativ frå innbyggjarane godt og grundig, seier Navarsete.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 11. februar 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HU Utdanning Og Kompetanse 2019
    av jto, 12.11.19

    Forberedelsen til fire år med politisk virksomhet i gang

    Les mer
  • Bli Med På UFT
    av jto, 08.11.19

    Er du mellom 15-19 år? Bli med Ungdommens fylkesting

    Les mer
  • FT-web -22.10.19
    av jto, 16.10.19

    Følg fylkestingets møte 22. oktober direkte på web-TV

    Les mer