Kommunal- og regionaldepartementet opplyser i en pressemelding at departementet tildeler fylkeskommunane 15 millionar kroner for å gje mindre kommunar i distrikta større kapasitet til å utvikle lokalsamfunna. De tre kommunane: Åseral, Audnedal og Hægebostad fra Vest-Agder er til sammen tildelt 1,1 millioner kroner. Målet fra departementets side er å auke kommunane sin innsats i utviklinga av lokalsamfunn som er attraktive for innbyggarar og næringsliv. Bruken av midlane skal ta utgangspunkt i behov og planar i kommunane.

Fylkeskommunane og Distriktssenteret skal i samarbeid med kommunane utvikle eit femårig utviklingsprogram tilpassa utfordringane i dei ulike kommunane.

Målgruppa er kommunar: 
-Med mindre enn 2000 innbyggarar og som ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet sine soner III og IV, med størst høve til å gje offentleg støtte. Som manglar kapasitet eller kompetanse til å kunne prioritere strukturert utviklingsinnsats.
.Som ikkje tek del i regionale- eller statlege tiltak for å utvikle attraktive lokalsamfunn eller har status som omstillingskommune.

Kommunane kan gjerne samarbeide med større, eller omkringliggjande kommunar. 

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 12. februar 2013 | Skriv ut siden