Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) er ein sjølvstendig institusjon organisert som ei stifting. Stiftinga, som har sete i Trondheim, har som hovudmål å fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar. Rådet innstiller også på imatriell kulturarv til Unesco. Stiftinga blir leia av eit eige styre, hvor Vest-Agder fylkeskommunes kultursjef Anne Tone Hageland for tiden er styreleiar.

Samordna innsats

Rådet skal fungera som ein reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans slik at kreftene kan samordnast, innsatsen få større tyngde, tilboda kan gjerast meir varierte og ressursane kan utnyttast betre.

Sakkunnskap i offentleg forvaltning

Rådet skal fungera som ein reiskap for offentleg forvaltning i saker som gjeld norsk folkemusikk og folkedans for å sikra representativitet og sakkunnskap.

Vitskapleg arbeid

Rff-sentret skal dokumentera og granska norsk folkemusikk og folkedans og formidla kunnskapen frå arbeidet.

Kvalitet og breidde i folkemusikk og folkedans

Rff-sentret skal arbeida for auka kunnskap om og forståing for norsk folkemusikk og folkedans, for betra utøving og oppleving og for auka deltaking og interesse.

av Torkelsen, Jan H., publisert 22. mars 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Kulturbygg I Songdalen Fasade
    av jto, 19.06.19

    15 millioner kroner i fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer
  • Fra Fyr Til Fyr
    av jto, 12.06.19

    Mange opplevelsesmuligheter på Lista søndag 16. juni

    Les mer
  • Kulturrell Møteplass I Songdalen
    av jto, 05.06.19

    Fylkesutvalget positivt til å gi fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer