Regjeringa la i forrige uke fram forslag om endringar i lov om folkebibliotek. Folkebiblioteka har dei siste åra styrkt funksjonen som eit lågterskeltilbod for tilgang til informasjon og som sosialt treffpunkt. Biblioteka er ein viktig arena for inkludering fordi dei er tilgjengelege for alle. I lova blir det framleis stilt krav om fagutdanna biblioteksjef. Det er nødvendig for å sikre at kvart enkelt folkebibliotek har nødvendig og fullgod kompetanse. Høve til å gi fast dispensasjon frå kravet om fagutdanna biblioteksjef skal behaldast. Den midlertidige dispensasjonsordninga skal fjernast fordi ho har fungert mot formålet sitt. Kommunane vil frå første stund kunne satse på og utvikle den som vert tilsett i stillinga som biblioteksjef.

Proposisjonen foreslår også at krava til fagutdanna biblioteksjef skal reviderast. Dette vil mellom anna føre til at det blir mogleg å gjennomføre høveleg utdanning med fleire fagkombinasjonar enn i dag.

Fleire andre krav til både organisering og oppgåver i kommunen og fylkeskommunen er foreslått fjerna. Lovforslaget inneber fleksibilitet for kommunal og fylkeskommunal sektor. Kravet om at fylkeskommunane skal ha eigne fylksebibliotek blir fjerna slik at lova reflekterer den faktiske situasjonen i fylkeskommunane. Samstundes blir det stilt krav til funksjonar som fylka skal oppfylle og krav om bibliotekfagleg kompetanse på leiarnivå i fylkeskommunane.

Krav til at fylka skal vareta fjernlånverksemda og krav om samarbeid med skolebibliotek er tatt ut av lova. Fylka må sjølv bestemme om dei kan oppfylle desse funksjonane. Dessutan blir det fleire ”kan”-reglar, det vil si oppgåver som kommunane og fylkeskommunane framleis står fritt til å utføre, men som det ikkje er noko krav om at dei skal gjere.

Prop. 135 L (2012-2013) Endringer i lov om folkebibliotek

av Torkelsen, Jan H., publisert 30. april 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Fylkesbiblioteket

  • Bokbussen Ved Spangereid Skole
    av jto, 11.06.19

    Mange klemmer til sjåføren på bokbussen under nostalgisk turnè

    Les mer

Siste fra Kultur

  • Juleverksted 2019
    av jto, 01.11.19

    Førjulsverksted på Sjølingstad og Vigeland hus

    Les mer
  • Publikumsmottak Kanonmuseet
    av jto, 28.10.19

    To millioner til publikumsmottak på kanonmuseet i Kristiansand

    Les mer
  • VAM
    av jto, 30.09.19

    Godt fjorår for Vest-Agder-museet

    Les mer