I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Samla er det sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. To av prosjekta som no får vel 2,1 millionar kroner i støtte ligg Flekkefjord og Farsund i Vest- Agder fylke. - Dei to prosjekta i Vest- Agder kan vere til stor inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg. Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i desse viktige prosjekta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Smaabyprosjektet 2012-2015 – får 1 620 000 kroner i bulystmidlar
Smaabyprosjektet i Flekkefjord er ei vidareføring av eit tidlegare Bulyst-prosjekt.

Hovudmåla i dette prosjektet er å gi flekkefjæringer, besøkande og tilflyttande ei unik oppleving av Smaabyen Flekkefjord gjennom handel, servering, arrangement, turistfyrtårn, kultur, arkitektur og service av høg kvalitet.

I tillegg skal prosjektet gi viktige bidrag til ei positiv befolkingsutvikling i Smaabyen Flekkefjord, og vere med og bidra til at Flekkefjord stadfestar posisjonen som regionssenter.

Ein tverrkulturell møteplass for ungdom i Farsund – får 550 000 kroner i bulystmidlar
I dette prosjektet søkjer Farsund kommune om støtte til å etablere ein møteplass i sentrum for ungdom mellom 16-19, ei gruppe som det ikke finst noko anna tilbod for.

Det skal være ein stad kor ungdom skal aktiviserast, bidra til byutvikling og få sterkare forankring i kommunen gjennom etablering og drift av ein tverrkulturell møteplass i Farsund by. Prosjektet fokuserer på å inkludere ungdom i utformingen av staden.

av Torkelsen, Jan H., publisert 28. juni 2013 | Skriv ut siden