Aasmund Nordstoga
Foto: Marcel Leliënhof

Foto: Marcel Leliënhof

Fjellhagens dag er eit årleg arrangement siste sundag i juni, i Ljosland Fjellhage i Åseral (ved Ljosland fjellstove).

Sundag 30. juni kl. 12:30 blir det konsert med Aasmund Nordstoga (vokal) & Åsmund Reistad (gitar og mandolin).

Programmet i år speglar temaet for det nasjonale språkåret 2013. Språkåret er ei feiring av alt språk i Noreg på bakgrunn av 200 års minnet om då Ivar Aasen blei fødd. Konserten har tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg.

Aasmund Nordstoga seier sjølv om prosjektet:
”2013 er det nasjonale Språkåret som markerer 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Aasmund Olavsson Vinje var den fyrste til å bruke Aasens landsmål til både lyrikk og sakprosa. Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne. Edvard Grieg tonesette mange av Vinjes dikt, og dei er kjende som Griegs fremste romansar. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet, slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekster på mange måtar framstår meir moderne. Konserten presenterer Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist.
Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Min intensjon er å ta han heim att til Plassen i Vinje.”

Arrangørar: Fylkeskultursjefen i Vest-Agder og Agder naturmuseum og botaniske hage

 

av kas, publisert 25. juni 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Nordberg Fort Hovedbygg
    av jto, 05.04.19

    Ny avtale om drift av Nordberg fort i Farsund

    Les mer
  • VAM
    av jto, 03.04.19

    Vil bidra til å sikre museumsgjenstander

    Les mer
  • Timenes Og Østensen
    av jto, 03.04.19

    Årets "spillemiddelutvalg" er nå oppnevnt

    Les mer