3 643 600 veljarar fordelt på 3 009 valkrinsar har røysterett ved stortingsvalet i år, melder Statistisk Sentralbyrå. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 5,9 prosent av dei røysteføre. Heile 30 prosent av veljarane er over 60 år, medan 3,4 prosent er fyrstegongsveljarar. Den totale mengda røysteføre har auka med 3,1 prosentpoeng sidan førre stortingsval i 2009.

Mange valkrinsar i ulik omfang

Det er 3 009 valkrinsar ved dette valet. Det er om lag som sist, men noko færre i høve til for åtte år sidan. 24 valkrinsar har eit manntal over 7 000. På den motsette sida er det 13 røystekrinsar som har 20 eller færre i manntalet, seks krinsar har eit manntal på ti eller færre. Dølmo i Åmli kommune, Aust-Agder, har registrert fem røysteføre

Framleis sterk auke av røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

215 000 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap har røysterett ved stortingsvalet. I høve til stortingsvalet i 2009 er dette ein auke på 51 200 røysteføre, eller 31 prosent. Den samla mengda røysteføre i denne kategorien har auka frå 3,6 prosent i 2005 til 4,6 i 2009 og til 5,9 prosent ved det komande valet.

Det er i alt 36 200 røysteføre med innvandrarbakgrunn som er fyrstegongsveljarar no i september. Denne gruppa inkluderar alle som røystar ved sitt fyrste val i Noreg

Heile 30 prosent av veljarane er over 60 år

Den yngste aldersgruppa 18-19 år utgjer 3,4 prosent av den samla mengda røysteføre, og har 123 700 veljarar som kan røysta for fyrste gong. Ved valet for fire år sidan utgjorde dei fyrstegongsrøystande 3,7 prosent av den totale mengda røysteføre.

Mengda røysteføre frå 60 år og eldre er 1 096 300, og denne gruppa utgjer heile 30 prosent av dei røysteføre. Denne aldersgruppa har auka jamt og trutt i dei seinare åra. Mengda kvinner i denne gruppa er 54 prosent. Alle fylka har fleire kvinner i høve til menn i den eldste aldersgruppa.

av Torkelsen, Jan H., publisert 4. september 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Politikk

  • HU Utdanning Og Kompetanse 2019
    av jto, 12.11.19

    Forberedelsen til fire år med politisk virksomhet i gang

    Les mer
  • Bli Med På UFT
    av jto, 08.11.19

    Er du mellom 15-19 år? Bli med Ungdommens fylkesting

    Les mer
  • FT-web -22.10.19
    av jto, 16.10.19

    Følg fylkestingets møte 22. oktober direkte på web-TV

    Les mer