Agder Folkemusikkarkiv er ein interfylkeskommunal institusjon drive av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar. Arkivet held til på Setesdalsmuseet på Rysstad i Valle kommune. Hovedutval for kultur og utdanning vart i eit møte nyleg orientert om at sist år har det vore jamn tilvekst av privat kjeldemateriale som mellom anna lydopptak, foto, dokument, klypp til samlingane. Mange tek kontakt for å hente fram ulik materiale, det kan vere komponistar, studentar, forfattarar og plateselskap. Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 Arkivet fekk 638 000 kroner i 2012 frå Vest-Agder fylkeskommune.

Katalogen over innsamla musikk inneheld no 23 800 kutt. Av desse er 23 300 kopiert over på harddisk, og det er gjort mp-3 kopiar av dette, som er linka opp mot ein database, kalla FIOL. Fotosamlinga er på 2500 bilete og fagbiblioteket har 326 titlar.

Agder Folkemusikkarkiv  LogoDet er registrert materiale frå heile Agder i "Kulturarvporten". Ei nettside oppretta på bakgrunn av at Norge har slutta seg til UNESCO-konvensjonen om vern og vidareføring av immateriell kulturarv. I arkivet er det om lag 2000 kutt frå kystkommunane.  Agder har ein unik ril- og shantytradisjon. Mest frå Lauentradisjonen i Lindesnes. Vokaltradisjon frå Farsund/Lista.

av Torkelsen, Jan H., publisert 25. september 2013 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Kulturbygg I Songdalen Fasade
    av jto, 19.06.19

    15 millioner kroner i fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer
  • Fra Fyr Til Fyr
    av jto, 12.06.19

    Mange opplevelsesmuligheter på Lista søndag 16. juni

    Les mer
  • Kulturrell Møteplass I Songdalen
    av jto, 05.06.19

    Fylkesutvalget positivt til å gi fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer