Regjeringa gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane får ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014. - Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete. Veksten i samla inntekter er 1,2 milliardar kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014. 5,2 milliardar kroner kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane og fylkeskommunane får som følgje av demografiske endringar, som auke i folketalet og fleire born og eldre.

- Ein sunn og sterk kommuneøkonomi er viktig for at folk i heile landet skal ha eit godt tenestetilbod. Å styrkje kommunane sin økonomi har difor vore eit av dei viktigaste satsingsområda for denne regjeringa. På åtte år har me reelt auka kommunane sine inntekter med 69,6 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2013 i revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Av veksten i frie inntekter i 2014 går 500 millionar kroner til fornying og opprusting av fylkesvegane. 180 millionar kroner skal nyttast til å bygge ut helsestasjons- og skulehelsetenesta.

542 millionar kroner meir til Vest-Agder neste år

av Torkelsen, Jan H., publisert 14. oktober 2013 | Skriv ut siden